Frå skog til bord

Det er ein lang prosess frå eit tre i skogen, til eit produkt frå Trefint kan stå på eit bord i ein heim eller vert nytta på anna vis. Eg er så heldig at fra tid til anna så tek folk kontakt med meg, for å høyre om eg kan nytte meg av eit tre dei har i hagen eller i skogen.

Dette har gitt meg mange gode emner som har enda opp som noko av det beste eg har fått til. Så nøl ikkje om du har nokke som du trur eg kan nytte. Somme tider betaler eg for emna, andre gonger vil folk ha noko tilbak, som f.eks. ei dreia skål frå det treet eg har fått. Nokon er berre glad for at det kjem til nytte.

Neste
Neste

Nytt frå Trefint